eFaktura

WEBfaktura

Webfaktura er ei løysing som passar for mindre bedrifter, som ynskjer ei enkel og kostnadseffektiv løysing for å sende elektroniske faktura til kundane sine. Løysinga støttar EHF – Elektronisk Handels Format, som brukast av det offentlige.

Med avtale om Webfaktura, kan ein logge inn på ein eigen portal med BankID, der ein kan lage og sende enkeltfaktura elektronisk. Ferdig definerte felt for fakturainformasjon, fakturamalar og mottakarregister gjer dette til ein rimeleg og enkel måte å sende faktura på. Ein kan sende faktura både til bedrifter og privatpersonar. Utsendte fakturaer blir i fyrste omgang sendt elektronisk til mottakaren sin nettbank. Dersom mottakar er ein privatperson, eller ei bedrift som ikkje kan eller ynskjer elektronisk mottak, blir faktura utsendt per post. Webfaktura krev ingen tilpassing av bedrifta sine interne rekneskapssystem.

Løysinga kan passe for:

  • Sjølvstendig næringsdrivande
  • Små bedrifter
  • Handverkarar
  • Lag og organisasjonar

Fordelar for bedrifta :

  • Effektiviserer fakturahandteringa 
  • Reduserte kostnadar 
  • Ingen investeringskostnadar, eller behov for systemtilpassing
  • Elektronisk fakturasending frå bedrift til bedrift
  • Kan kombinerast med print av faktura til både bedrift og privatpersonar
  • Betre kontroll og mindre papir
  • Tilgang til elektronisk arkiv
  • Auka sikkerheit og kvalitet

For meir informasjon, eller for etablering av avtale, ta kontakt med Betalingsformidling på epost ebf@ssf.no.

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00