Med eFaktura kan du sende rekningar til kundar elektronisk, enten til nettbank eller direkte til rekneskapsprogram. Vi skil mellom eFaktura til privatkundar(B2C) og eFaktura til bedrifter(EHF).
Dei fleste rekneskapsprogram tilbyr etablering av eFaktura tilbydaravtale utan ein eigen bankavtale. Ta kontakt med Bedriftssenteret dersom de ikkje får oppretta eFaktura tilbydaravtale i rekneskapsprogrammet, eller om de har andre spørsmål om eFaktura.

eFaktura til privatkundar

Med eFaktura B2C blir fakturaen sendt direkte til kundane sin nettbank eller Vipps, slik at dei raskt og enkelt kan godkjenne betalinga utan å måtte fylle inn betalingsinformasjon. Kundane får også e-postvarsling når dei har nye eFakturaer til betaling.
Du kan kombinere eFaktura B2C og AvtaleGiro. Rekninga blir då automatisk betalt ved forfall utan at kundane treng å godkjenne betalinga.

eFaktura til bedrifter

Med EHF får du ei rimelegare og meir effektiv utveksling av fakturaer mellom bedrifter. Fakturaen går direkte frå rekneskapsprogrammet ditt til mottakar sitt, slik at ein slepp manuell bokføring. Mange rekneskapsprogram har moglegheit til å ta i bruk EHF utan ein bankavtale.

Fordelar med eFaktura

  • Rekningane blir betalt til rett tid, slik at ein unngår purringar.
  • Den som skal betale kan sjølv stoppe eller utsette betalingar.
  • Etter innbetaling overfører banken konteringsdata til betalingsmottakar.

Lurer du på kva det kostar?

Ting folk lurer på