Med barn og unge i hus dukkar nye spørsmål stadig opp. Vi hjelper deg med å få oversikt på kva produkt som kan vere relevant, og vi følger deg og barnet ditt gjennom heile livet. Hos oss har du alltid ein personleg rådgjevar du kan snakke med dersom du treng råd.

0-7 år: Ein ny verdsborgar

  • Opprett barneforsikring så tidleg som mogleg.
  • Spar på sparekonto eller i fond.
  • Opne sparekonto og bli automatisk medlem av barneklubben vår; Kongleriket.

8-12 år: Lær økonomi med eige bankkort og Mobilbank Ung

  • Barnet kan få eige bankkort.
  • Med Mobilbank Ung kan barnet sjølv ha oversikt over eigen bruk, i tillegg til at du som vaksen har tryggleik med beløpsgrenser på kortet.
  • Vipps - Her får foreldra full oversikt over bruk fram til barnet fyller 15 år.

13-18 år: Barnet blir sjef i eige liv

  • Ungdommen kan ha eigen nett- og mobilbank.
  • BankID - Ungdommen er no gammal nok til å få eigen elektronisk ID. Denne blir nyttig når barnet får Vipps for vaksne, skal søke på skule, skal ta sertifikatet eller får sin første jobb.
  • Ungdomskort - Gjer tilgang til netthandel.
  • Bustadsparekonto og BSU - Vent med BSU til ungdommen er 17 år og har skattbar inntekt!

Ting folk lurer på

Sparing til barn: Kva namn skal eg spare i?

Før du vel spareform, må du bestemme deg for om du vil spare i ditt eller barnet sitt namn. – Det er fordeler og ulemper med begge alternativa, seier kunderådgjevar Sissel Wik. Her forklarer ho kva du må tenke over.
Les Sissel sine sparetips

Opplæring av unge på personleg økonomi

Sparebanken Sogn og Fjordane bidreg med opplæring på personleg økonomi gjennom eit godt samarbeid med Ungt Entreprenørskap (UE) i Sogn og Fjordane. UE er eit viktig bindeledd mellom skule og næringsliv, og banktilsette er kvart år med på å undervise tusenvis av skuleelevar om personleg økonomi. Økonomi og karriereval vert gjennomført i ungdomsskulen og Sjef i eige liv på vidaregåande.
Sjef i eige liv
Økonomilappen