Ikkje fortvil om du får opp ei feilmelding du ikkje forstår. BID er ikkje heilt gresk, det er faktisk ei forkorting for BankID. Desse feilmeldingane er knytt til BankID og BankID på mobil, og kan bety litt forskjellig.
Sjå under kva den konkrete feilmeldinga du får opp betyr:

Feilkode BID-1433

Denne feilen oppstår dersom du legg inn ditt personlege BankID passord i feltet for eingongskode (frå kodebrikka). Kontroller at du har skrive inn rette opplysningar. Feilen kan også oppstå dersom det er noko feil med nettlesaren din. Oppdater nettlesaren din og restart datamaskina di før du prøver på nytt.  

Feilkode BID-C30-F

Denne feilen oppstår dersom din BankID på mobil avtale hjå oss er aktiv, men inaktiv hjå din mobiloperatør.

Feilkode BID-C161

Denne feilen oppstår dersom du skriv feil fødselsdato eller telefonnummer.  Feilkoden kan også oppstå dersom vi ikkje finn ein aktiv BankID på mobil avtale på ditt telefonnummer. Årsaka til dette kan vere at du har bestilt eller fått nytt SIM-kort, eller gjort endringar på abonnementet ditt.

Feilkode BID-C325

Denne feilen tyder vanlegvis at det er ein feil mellom din telefon og mobiloperatør. Prøv på att om 6 minutt.

Feilkode BID-1439

Denne feilen tyder at din BankID er blokkert. Ta kontakt med vårt Kundesenter per telefon + 47 57 82 97 00 slik at vi kan hjelpe deg med å oppheve blokkeringa. Merk at du framleis kan logge deg inn i nettbanken med andre påloggingsalternativ, til dømes pålogging utan BankID. 

Feilkode BID-20b0

Denne feilen oppstår når det er noko feil med nettlesaren du nyttar, eller dårleg internettforbindelse. Ei løysing kan vere å oppdatere eller bytte nettlesar. Ei anna løysing kan vere å restarte nettverksruteren din. 

Feilkode BID-5007

Denne feilen oppstår når det er noko feil med nettlesaren du nyttar, eller at din BankID er blokkert. Løysinga kan vere å bytte nettlesar eller å nullstille innstillingane på nettlesaren.  

Feilkode BID-c308

Denne feilen tyder at oppkoplinga tok for lang tid. Prøv igjen om 6 minutt.

Feilkode BID-2033

Denne feilen kan kome ved dårleg internettforbindelse, eller at eininga di (PC, mobil, nettbrett) brukte for lang tid å kople opp. Kontroller først at nettet ditt fungerer, til dømes ved å søke opp ei anna nettside. Verkar nettet som det skal, kan du forsøke ein annan nettlesar eller starte maskina/mobilen på nytt.