I løpet av hausten skjer det mykje rundt om i Sogn og Fjordane. Her finn du oversikt på dei arrangementa vi er og med og støttar, og på fleire av desse kan du møte oss og maskotane Kåre Bjørn og Elin Ekorn.
Teaterfestivalen Fjaler 7. - 10. september
Teaterfestivalen i Fjaler feirar jubileumsåret 2023 med KJÆRLEIK på programmet! Vi har vore sponsor i ei årrekke og gler oss til kulturelt påfyll andre helga i september.
Årets marknad på Sande kan freiste med føredrag med Kjetil André Aamodt, vitenshow med Vite Meir, bruktmarknad, skattejakt, paneldebatt og aktivitetar for born!
Sogndal Kulturhus gler seg til gratis show med Klovnen Koko! Den flørtete og danseglade Klovnen Koko vil gjerne vise fram sine fantastiske kunstar. Eit stumt, men desto meir fysisk show som varierar høgt og lågt mellom klassiske og ikkje fullt så klassiske klovnegags, ballongkunster, akrobatikk, verdsmusikk og bisarr humor.
Kreftforeningens Stafett for livet i Førde er ein hyllest til alle som er ramma av kreft. Familie, vennar, skular, arbeidsplasser og andre kan danne lag for ein person dei vil støtte eller minne. I løpet av eit heilt døgn skal dei gå eller springe for å vise at det alltid bør vere nokon på bana for den som er sjuk.
Haustens siste turneringsdag for Kongleriket Miniputt som vi arrangerer i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. Arrangørstadane denne søndagen er Hafslo, Høyang, Stryn, Balestrand, Jølster, Eikefjord og Tornado.
Ungdomsskuleelevar i Florø får ein skuledag der innhaldet handlar om trygg nettbruk, AI, streaming og media, gaming og E-sport.
SoFjo Pride Sogndal 22. - 24. september
Vi ønsker eit samfunn som inkluderer alle, der alle skal ha rett til å vere den ein vil og elske den ein vil. Dette blir den aller første Pride-feiringa i Sogndal.
Bli med på inspirasjonskveld i Florø og Måløy med tidlegare fotballspelar Dagfinn Enerly. Han fortel om vegen tilbake etter den dramatiske ulykka i 2005 der han kolliderte med ein medspelar på bana og brakk nakken. Kona, Mona Enerly, har ei sentral rolle i fortellinga om prosessen familien har stått i, og framleis står i.
Eit ærleg og erfaringsbasert føredrag om rus med Richard Prøsch som framleis er aktiv rusmisbrukar og Torbjørn Gran som er dagleg leiar for organsisasjonen Gatelangs. Målet er å opplyse og førebygge hos ungdom. I Sunnfjord skal dei innom ungdomsskulane i Førde, Naustdal, Sande og Vassenden. I tillegg blir det foreldremøte dei ulike stadane på kvelden.
Velkomen til ei fruktbar langhelg på Leikanger. Her blir det smaksprøver av både etandes og drikkandes, kunstutstilling, konsertar og marknad med ulike aktivitetar. Vi stiller med stand og kjekke aktivitetar, så kom gjerne innom oss!
100 % og litt til! Få med deg inspirasjonskveld i Sogndal med OL- og VM-vinnar i roing Olaf Tufte. Han er for dei fleste kjent som den store norske konkurranseroaren – men han er også bonde og gründer som går inn i alt han gjer med alt han har.
Førde Industri og Næringssamskipnad arrangerer konferansen som er ei årleg samling for alle som jobbar med handel og service i Førde. På dagtid er tematikken retta mot leiarar, administrasjon og personalansvarlege, medan på kveldstid er fokuset på medarbeidarane.
I løpet av to dagar på Knutholmen i Kalvåg inviterer Hub for Ocean til nettverkssamling. Temaet er Hub for Future - kva no?, og målet er å styrke den blå næringa og skape grobunn for vekst og utvikling.
Førde IL Fotball har arrangert Sparebanken Sogn og Fjordane FørdeCup innandørs sidan 1997. Turneringa i november samlar kvart år ca 130 lag i alderen 13-19 år på parketten i Førdehuset.
Førdefestivalen sin eigen familiedag med gratis mini-verkstadar i musikk, dans og song, i tillegg til gratis aktivitetar og den internasjonale kafeen Fargerike Førde. Vi er sponsor for Førdefestivalen og stiller med kjekke aktivitetar for dei minste denne dagen.
Vi inviterer alle Konglekundane våre til ein hyggeleg julekino tidleg i desember. Åres film blir "Den første julen i Skomakergata". Meir informasjon kjem seinare.