Slik jobbar vi mot kvitvasking

I Sparebanken Sogn og Fjordane arbeider vi med å lære kundane våre å kjenne. Dette gjer vi for å kunne yte betre tenester til deg som kunde, men òg for å redusere risikoen for at du skal bli utsett for svindel, økonomisk kriminalitet, eller ID tjuveri.
I dette arbeidet treng vi å vite kven du er og forstå korleis du ønskjer å bruke banken sine produkt og tenester. Derfor kan det vere at banken tar kontakt med deg og ber deg om oppdatert kundeinformasjon.

Spørsmåla som vert stilt handlar om:

  • Kva produkt og tenester du som kunde ynskjer å nytte hos oss
  • Om du er skattar til andre land enn Norge
  • Forventa innbetalingar på konto
  • Faste inntekter som inngår i ditt kundeforhold, som til dømes lønn eller pensjon
  • Investeringar
  • Betaling til/frå utlandet
  • Om du skal setje inn og ta ut kontantar
Spørsmåla som du får, skal sikre at vi har rett og oppdatert kundeinformasjon om deg. Dette gjere det enklare for oss å tilby rette produkt og tenester og beskytte deg som kunde mot nettsvindel, men også motvirke kvitvasking og terrorfinansiering.
Både privatkundar og bedriftskundar, nye og eksisterande, må vere førebudd på å opplyse meir enn det som tidlegare har vore vanleg. Banken hentar inn oppdatert kundeinformasjon ved å kontakte kundane direkte på e-post eller gjennom periodisk kontroll i nettbanken.
Les meir om kryptovaluta